onsdag 12. oktober 2011

Trenetur i sola!

Eg og Lona kledde på oss for å tusle ut i sola ein tur! Gjekk bort på grusbanen for å trene litt sitt og bli med bevegelighet, og litt ekstra "gå fint i bånd"-trening. Lona fekk rasa litt av seg når me kom bort sånn at ho kanskje ikkje var så utolmodig når me satt igang. Men tok ikkje av båndet denne gangen, ettersom eg hadde litt stress med å få ho inn igjen sist gang, haha! (trenger nok litt innkallingstrening og ja)

Så var det sitt fint og "bli" mens eg tok ein runde rundt ho. Sånn trening har me ikkje gjort så masse etter kvalpekurset (som var for eit år sia) så dette blei ho litt forvirra av, og når hovudet ikkje kunne snu seg 180* når eg gjekk rundt ho, så måtte ho nett letta på baken og snu seg sånn at ho kunne fortsette å følge med på ka eg holdt på med! hehe.

Men så tok me eit steg tilbake, og eg komanderte ho ned i SITT og BLI og snudde meg og tok eit par-fem skritt i fra ho istaden og ropte HER. ho kom springane, og sprang helst rett forbi meg. Det var etter eg begynte meg HER fulgt av STOPP at ho blei hos meg! tullehøna! Så etter at BLI kommandoen var på plass begynte me igjen med at eg tok ein runde rundt ho, for så å stilla meg på fot attmed ho igjen. Det gjekk strålande etter ei stund! Flinke jenta mi!

Så veksla me litt med å trena på å gå fint i band. Lona er som sagt ein dalmatiner, av den sterke og livlige (og overernergiske? :P) typen, og skal helst snuse og helse på alt og alle me går forbi. Ettersom eg har ei sånn superivrig frøken så må bandtreninga være på plass! For eg har nemmelig ingen planar om å henga etter som eit slips kvar gang ho ser ein anna hund eller eit ekorn eller eit blad som fyk i vinden! (åjada, ALT er av interesse!)

Eg kikka litt rundt på Youtube i dag etter tips og triks om hundetrening, og kom over ein som heiter Zak George som driver med utelukkande positive belønningsmetodar når det gjeld hundetrening, og går heilt vekk ifrå den kontrollerande og dominerande måten Cesar Milan trenar på. For min del så trur eg at Zak har gode treningsmetodar for kvardalgslydighet og hundetriks, mens Cesar driver meir med hundepsykologi og jobbar med hundar som har adferdsproblem og aggresjonsproblem.

Iallfall! så sjekka eg ut ein youtubevideo av Zak om "Dog Training: How to Train Your Dog to Not Pull"
Og det var akkurat dette eg lærte på kvalpekurset at me skulle trene på. Så det var ikkje det at dette var ein så ny og revolusjonerande måte å gjere det på, men det var rett og slett berre ein vekkar for meg! I det siste så har tur blitt litt slitsomt med ein hund som drar, og meg som har tolmodighet likhet med null, så det har blitt mykje frustrasjon og irritasjon frå begge si sie. Så me tok eit steg tilbake og begynt altså litt på nytt igjen med basic trening.


OJ for et kjempeløft dette var! etter ein 20-30 min på grusbanen med å byte retning kvar gong Lona drog og korrigere før ho drog tok, det ikkje lange tia før ho vedte heile oppmerksomheten opp på meg og lurte på "kor ska me no, kor ska me no?!" Så kom det ein syklist forbi oss, og ikkje heller dette kunne rokke oppmerksomheten hennar frå meg! WOHO! :D

Så då bestemte me oss for at me måtte prøve oss på den faste ruta vår, no var mamma litt strengare i tøylane, og krevde laust band heeeeile veien. Ein del korrigering måtte til, men ho holdt oppmerksomheten oppe, og me stoppe eit par (ehe, 10-20) gongar for å byte retning og korrigere litt. Men ein STOR forbedring, og matmor er KJEMPEpositiv!!! Lonami kan hvis ho vil! (me gjekk til og med forbi ein bjeffande hund mens ho gjekk fint på sia mi!)

Men SÅ. møtte me på ein kompis av meg. og Lona gjekk då heilt bananas. Heldigvis er kompisen min ein hundeeigar sjøl, og korrigerte ho når ho hoppa og fekk roa ho ned etter ei lita stund. Men det var nok berre eit lykkeanfall ettersom ho hadde måtta være så flink på heile turen. Så ho fekk utagere litt og rase frå seg, så gjekk me fint heim resten av turen!

Har forresten bestilt varmedekken til Lona no, bestemte oss for eit Hurtta Pro varmedekken. Liiitt i da dyraste laget for ein fattig student, men den hadde fått veldig bra omtale, så no kan Lona gå ein varm og god vinter i møte! :)
kjempefin farge, holder buken varm og god pelskrage til Pena mi!

så kanskje ho slepp å gå i denne til vinteren igjen, HOHO! (Matmor var IKKJE særlig populær denne dagen! ;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar