tirsdag 25. oktober 2011

sitt, bli, ligg, stå, kom, stopp, uuuææh!

Lona er ein merkelig skapning. Èin dag er ho eit prakteksemplar og er superhyggelig å ha med å gjere, mens andre dagar virkar det som ho gløymer kva "sitt" betyr..! Hehe. Ho er visst inne i ein liten hormonell-forvirra-vimse-periode, for ho er høgt og lavt om ein annen! Men herregud kor god ho er :)

Me tok oss ein tur opp på grusbanen i dag, friska litt opp i innkalling og "bli"-øvelsar. Lot ho springa litt laust fyrst så ho fekk rast av seg, og leika litt rundt. Asbjørn var med, og me var godt utstyrt med masse godbitar! Me holdt på med innkalling i 15 min, og det gjekk ganske greit. Ho kommer bort og casher inn godbiten sin, så forsvinn ho igjen. Så litt "bli"-øvelsar, der ho låg mens me tusla litt rundt ho. Det gjekk greit, heilt til me eksalerte litt med at me hoppa og veiva med armane rundt ho. Då tok ivrigheten overhand og ho ville være med i leiken! Prøvde med litt innkalling etterpå, men då datt fokuset litt vekk, og ho var meir interessert i å snuse på mosedotten på bakken. Så me fant ut at det var nok for i dag, får heller melke oppmerksomheten og iveren når den er skikkelig på plass!




kvalpeLona :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar