søndag 16. oktober 2011

2timers tur og såre hender

Ojojoj. Litt av ein tur i dag! Eg og Lona reiste opp til to kompisar, Raimond og Falco, for å tusla ein tur rundt Movatnet. (ca 2timers tur) gjekk greit mesteparten av turen, men vimseLona trekker og trekker i båndet, og matmor blir ein smule irritert og frustrert. Og som eg hadde tenkt før eg gjekk ut så skulle eg ha med meg godbitar for å trene litt på å gå fint i bånd, men dette klarte eg sjølvsagt å gløyma. Så irritasjon + ein ivrig energibunt på 4 bein = frustrasjon og oppgitthet. Men som sagt, det handlar om trening, trening, trening. Og me gjekk ilag med Homer, blandingshunden til Raimond, som er ein skikkelig alfahann på tur og skal lede vei. Noko som gjer Lona ivrig, for ho og vil gå fremst! haha, må ha vore ein artig skue på tur i dag!! Men motivasjonen kom raskt tilbake og har funne ut at me må gå skikkelig inn for båndtrening. Dette slik at når me går ilag med andre som er superspanande og girande i seg sjølv, så veit ho iallfall at ho skal gå fint! :)

Når eg var på dyrebutikken i går snakka eg med leiaren av Kvam hundeklubb. Ho fortalte desverre at grunnkurset som byrjar no er fult. Men ho tipsa meg om eit anna kurs, sirkus og leik, litt kos for å få hunden til å stimulere hovudet og fin sosialisering! Me får sjå om eg meld oss på no, må sjå an økonomien fyrst! :) Det startar iallfall opp eit nytt grunnkurs over nyttår, så me får sjå om me skal melde oss på dette og/istaden!

leik og sirkus kurset
 Lona fekk iallfall kjørt seg godt i dag. Ho kollapsa på puta når me kom heim, og har ikkje rikka seg derfrå uten når ho fekk mat. Skjønningen min <3
                                            

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar