lørdag 15. oktober 2011

Nytt utstyr til Lona!

I dag tok eg og Lona (og broderen) oss ein tur til Øystese på dyrebutikken. Målet her var å finne eit nytt halsband til Lona. Dette har eg tenkt på ganske lenge, for det siste båndet me kjøpte var et strupeband, og dette kjøpte Asbjørn på augemål, og det er aaaltfor stort, så det dett av ho i tider og utider. Som f.eks i dag så var ho ute mens eg dusja. Og då hadde den sniken komt seg ut av båndet og tatt seg ein tur. Då eg gjekk for å leita ette ho, kom eine naboen ned med ho, og forklate at Lona hadde tatt seg ein tur opp og helst på dei nye kattungane som ho hadde! Da hadde gått heilt fint, og ho visste heldigvis kven sin hund det var, og Lona kom springande til meg når eg ropa.

Frøkna mi veit å posere! Berre synd eg ikkje kan stilla ho ut. Eller jo, eg kan jo da, men som de ser så har ho eit heilt svart øyra, noko som ikkje en ønskelig hos dalmatinera. Ho vil dermed få trekk for dette. (Også grunnen til at fekk ho til halv pris)

Så me fant eg litt mindre band med beltelås på, heilt ok! Så i tillegg kjøpte me eit nytt band. Eg har den siste tia brukt fleksiband, men syns ikkje dette fungerar noko særlig, og eg har lite kontroll når me går tur, om ho plutselig skulle ta av.


Ooooog så kom varmedekkenet til Lona i posten i går, kjempefiin! Når eg målte ho før eg skulle kjøpe det var eg litt usikker på om eg skulle ha 50 cm eller 55 cm. Ein skal måle denne lengden frå halsrot til halerot. Men eg leste på eit forum om slike dekken at det er faktisk bedre om det er litt for lite enn litt for stort. Grunnen til dette er at det har lettare for å skli, og å hemme hunden i å springe og bevege seg med et for stort dekken. Så eg gjekk for 50 cm, og det satt som eit skudd!
Crappy bilde, eg veit, men dei er tatt med eit crappy digitalkamera! :) får øvelata bildetakinga til Asbjørn heretter!

2 kommentarer:

  1. Awesome! Fin blogg, som sagt. Vet ikke hva som skjedde med den forrige kommentaren, men jeg følger i hvert fall med. Stress med båndtrening, men det går seg til. Handler bare om å være konsekvent. Derfor er det viktig å be Asbjørn om å være like streng som deg når dere er ute og går tur. I hvert fall under perioden dere trener på dette. Skal ikke mer enn en tur til for å ødelegge en måneds trening. Godbiter er et must til dette, som du sier. Lykke til videre! :D

    SvarSlett
  2. takk Mogz, konstruktiv kommentering lika me! :)
    ja, Asbjørn har fått beskjed om opplegget, så håpe på samkjøring! :)

    SvarSlett