Men no sist helg var eg og Affen bikkjevakt for hunden til eit vennepar av oss, Veronika og Raimond. Homer er verdens kosligaste vims, og veeldig glad i kos! På søndagen tok me med oss hundane opp på Vindhaugen (ei slette i skogen) og lot dei springe villmann rundt og rase litt av seg. Dei sprang rundt nonstop, heilt til Lona legg seg ned midt på bakken, som for å sei "nei, no er eg lei!" Me kasta ein del pinne til Homer og Lona, men Lona den sniken tok å rappa pinnen fra Homer gong på gong, og stakk av med den og gnagde dei sund, haha! Trur me må trene litt på apport! Men så er dalmisar kjent for å stjele og, så me får ta eit tak ;)
Så etter ein times tid på ei våt mark, såg begge hundane fortryllande og skinnande reine ut etterpå ja! Så det blei nok dusjetid når me kom heim, så var det kollaps på puta :)
mmm deilige våte hundar! |
koos! |